Vest‐Telemark Museum fekk i 2014 støtte frå Norsk Kulturråd og Porsgrunn kommune til å gjere tilgjengeleg arkivet etter Norrøna fabrikker i Porsgrunn. Arkivet omfattar verksemda attende til 1880 og fram til 1970‐talet. Arkivet kastar ljos over historia om handel med brynestein, Noregs lengstlevande industrihistorie. Det ligg føre ei intensjonsavtale mellom Telemark Museum og Vest‐Telemark Museum for å sikre bevaring og formidling av dette viktige arkivmaterialet.
«Den norske Bryne‐ og Slibestensfabrik» vart starta i Kragerø av Tellef Plesner i 1879. I 1883 vart fabrikken kjøpt opp av eit aksjeselskap med konsul Alfred Petersen Wright som formann. Det var truleg med eigarskiftet at namnet på fabrikken vart endra til Norrøna Fabriker A/S. Verksemda kom til å omfatte produksjon av ymse slipevarer framstilt av smergel, samt sliping og eksport av naturbrynestein.
I boka Skiensfjordens industri i tekst og billeder (1902) er industrien omtala slik: «De af Norrøna leverede Brynesteine, der ansees for at være de bedste, som findes, eksporteres til hele Europa og til Sydamerika. De stiller sig noget dyrere end de udenlandske Sorter, hvormed der konkurreres, særlig de amerikanske ; men Kvaliteten er aldeles udmerket. I England kalles de Lionstone («the best stone in the world»), i Tyskland Silber‐wetzstein, i Frankrig Pierre de Norvége. […] Materialet, et Slags glimmerførende Kvartsskifer, som skal være enestaaende i Verden, kommer fra de fra gammel Tid berømte Brud i Eidsborg og Laardal. Det bedste Brud ligger i Eidsborg (nordenfor det lille Tjern ved Kirken) og tilhører et Snes Gaarde, hvis Eiere indtil 1897 holdt et aarligt «Stein‐ting».» (s. 102).
Brynestein frå Eidsborg er rekna som Noregs fyrste eksportvare og er den lengstlevande industrihistoria me har. Ein reknar med drift i berga her i alle fall frå år 700 e.Kr. Produksjon, transport og handel med bryne knytte fjellbygda Eidsborg til verda og batt Telemark saman. Den utskipa steinen var i all hovudsak råbryne. Fyrst frå etableringa av brynesteinsfabrikken til Tellef Plesner i 1879, som sidan utvikla seg til Norrøna fabrikker, var hovudmengda av eksporterte bryne ferdig slipa. Norrøna leigde bergretten av bøndene i Eidsborg og hadde hand om alle ledd i produksjonen. Frå 1897 vart det heilårsdrift i berget med 15‐20 mann i sving. Frå utskipingsstaden Lastein på Dalen gjekk transporten på det kanaliserte vassdraget til fabrikken i Porsgrunn. Norrøna utvikla effektive slipeprosessar og ein spesialiserte produksjonen til ulike typar bryne etter ulik bruk og etterspurnad. Med til dømes varmebehandling av steinen fekk ein spesialbryne for flenseknivane som vart bruka på kvalfangst. Eit anna spesialbryne var bajonettbryne til franske styrkar under fyrste verdskrig. Siste brynesteinslasta til Norrøna gjekk nedover kanalen i 1952. Anslagsvis 25 millionar bryne vart produsert i denne perioden.
Om arkivet
Ved eit tilfelle kom ein interessert samlar frå Porsgrunn, Vidar Reinertsen, over arkivet etter Norrøna fabrikker i ein konteinar. Reinertsen tok vare på materialet og i 2003 fekk Porsgrunn kommune ta over samlinga. I 2009 overlet Porsgrunn kommune arkivet til Stiftelsen Porsgrunnmuseene, som vert drifta av Telemark Museum (TM). Arkivet utgjer om lag 40 hyllemeter. Det inneheld mellom anna hovudbøker frå ca 1890 til 1940 og korrespondanse frå ca 1880 til 1960. På grunn av plassmangel og dårlege bevaringstilhøve i kjellaren der arkivet vart lagra, kom det i stand ei intensjonsavtale mellom TM og VTM for å sikre ei betre lagring og at arkivet kunne bli tilgjengeleg for forskarar og andre interesserte. Sidan Norrøna fabrikker høyrer heime i Porsgrunn, vil varig deponering av arkivet på sikt bli ved TM.
Arkivet er no ordna og publisert på Arkivportalen og er tilgjengelig på denne lenka: Norrøna fabrikker. Materialet er tilgjengeleg på lesesalen til Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Museet har og ei utstilling om brynesteinshistoria og fleire gjenstandar som stammar frå Norrøna fabrikker.
19.01.2016 Benedikte Nes