I går fekk me ei gledeleg melding om at Telemarksarkivet er prioritera til å få støtte til utviklingsprosjekt frå Riksarkivaren.
I år kunne ein søkje støtte til utviklingsprosjekt med referanse til områda kommunereform, privatarkiv og arkiv i digital forvaltning. Det var kome inn 57 søknader med ein samla søknadssum på over 25 millionar kroner, men potten er på om lag 4 millionar. Nettverket Telemarksarkivet har fått kr. 200 000 i 2016 til prosjektet Regional bevaringsplan – utvikling av ei wiki-basert tilnærming. Målet med ein slik bevaringsplan for Telemark er å etablere eit godt kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg å gjere rette prioriteringar, å samle inn og ta vare på representativt arkivmateriale som speglar samfunn og utvikling i fylket vårt. Planen skal bli eit dynamisk arbeidsverktøy for arkivarane i nettverket Telemarksarkivet.
Prosjektet siktar mot utvikling av ei ny wiki-basert tilnærming til utarbeiding av bevaringsplanen. Dette vert ein open prosess som kan ha stor overføringsverdi for liknande planarbeid i andre fylke. Utviklingsarbeidet bygger på nært samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt. Tenesta lokalhistoriewiki.no vil vere sentral ressurs i prosjektet – for innsamling av informasjon, for kontakt og til formidling. Prosjektet vert delt inn i tre hovudområde: 1) bestandsoversikt 2) samfunnsoversikt 3) analyse og utarbeiding av plan. Den kollektive historieskrivinga på wikien vil fungere som ei utvida referansegruppe. Arbeidet med wikien vil stimulere til utvida kontakt mellom brukarar, arkivskaparar og depotinstitusjonar.
Les meir om tildelinga på Arkivverkets nettsider
Søknaden fra Telemarksarkivet kan leses her: Søknad_2016
BN – 27. mai 2016