Eit stort prosjekt er endeleg i mål. Sidan 2013 har Kviteseid Historielag og Vest-Telemark Museum arbeidd med transkripsjon og tilrettelegging av dagboksmaterialet etter bonde, sagbruksførar, forlikskommisær, stortingsmann og fyrste ordførar i Kviteseid, Ole Blom (1784-1846).
Dagboksmaterialet strekker seg frå 1809-1846, og er ein unik inngang til lokal og nasjonal historie i ein periode som var svært formande for det Noreg er i dag.
12. juni vert bøkene lansert med eit rikt program og utstilling på Kviteseid Bygdetun. Dagbøkene er trykt i to bind på tilsaman 800 sider, og du kan kjøpe desse på våre museum eller tinge dei på post@vtm.no .
Høyr om Ole Blom på P2 Museum sin podkast !
Slik er programmet for lanseringsdagen:
kl. 11: Messe i Kviteseid gamle kyrkje
kl. 12.30: “Ole Blom og venene hans” – ei dramatisering av “Zetlitz-krinsen” rundt Ole Blom
kl. 13.30: Sal av bøker, matøkt, aktiviteter i tunet
kl. 14.30: Foredrag ved historikar Gunnar Bolstad: “Ole Blom i si samtid”. Helsingar. Musikkinnslag ved sangkoret Ågapet
kl. 15.30: Opning av utstilling med tidsbilete frå Ole Blom si tid og historiske kart i Utsondhalli.
Ta gjerne med stol!