Kva er så ein bevaringsplan? Bevaringsplanen har som mål å sikre ein heilheitleg samfunnsdokumentasjon. Den skal peike ut felt i historia som er dårleg dokumentert slik at ein kan fokusere innsamlingsarbeidet mot desse felta før dokumentasjonen går tapt. Grunnleggjande kan arbeidet med bevaringsplanen delast i tre delprosjekt:
1.Bestandsoversikt: der me skal kartlegge dei bevarte historiske arkiva me veit om, og deretter analysere kor representative desse er som ein dokumentasjon på arkivskaparen. Bestandsoversikta blir publisert i oversikta over privatarkiv frå Telemark, og blir fortløpande oppdatert.
2.Samfunnsoversikt: der me skal gje ei kortfatta framstilling som syner samfunnsutviklinga gjennom ulike periodar i historia til Telemark.
3. Når dei to oversiktene over er etablert, har me eit grunnlag for å utvikle ein bevaringsplan. Ved å samanlikna det som fanst i samfunnet i ein gitt periode med kva som finst av
arkivmateriale etter arkivskaparane, veit me om me har arkiv som dokumenterer den historiske røynda.
Til dømes kan me utifrå ei hypotetisk samfunnsoversikt sjå at pelsdyrnæringa var eit viktig næringsgrunnlag i Nissedal kring 1900. Bestandsoversikta viser at pelsdyrnæringa ikkje er representert blant arkiva frå Telemark i det heile. Bevaringsplanen fortel oss difor at me bør oppsøke dei stadene me veit det fanst pelsdyrfarmar, og forsøke å hente inn dokumentasjon om denne verksemda.
Det er fyrst i dei seinare åra musea saman har hatt fokus på privatarkiv. Før dette skjedde innsamlingsarbeidet i stor grad tilfeldig. Statsarkivet i Kongsberg har hatt hovudansvaret for bevaring av arkiv i Telemark, men dette gjeld i hovudsak dei offentlege arkiva. I åra framover reknar me med at arkivbestanda vil forandre seg mykje, og det er difor nyttig at bevaringsplanen er dynamisk.
Telemarksarkivet har inngått eit samarbeid med Norsk Lokalhistorisk Institutt (NLI) som driftar lokalhistoriewiki.no (LW). LW er landets største lokalhistoriske leksikon, og inneheld 42 033 artiklar med lokalhistorisk fokus. Av desse handlar i overkant av 1200 om Telemark. Fordelinga av artiklane etter kommunane finn ein på denne sida.
Lokalhistoriewiki har ei anna tilnærming til leksikalske artiklar enn det wikipedia, store norske leksikon og tilsvarande digitale leksikon har. På LW er ingen tema for små til å skrive om, noko som gjer portalen godt egna til vårt prosjekt. Les meir om lokalhistoriewiki her.
I eit lengre perspektiv kan ein tenke seg at eit breitt utval bedrifter, lag og foreiningar (arkivskaparar) i Telemark skal vere representerte på nettstaden. Lokalhistoriewiki tillèt også originalforsking, noko som gjer at ein enkelt kan skrive om dei ørsmå ting som kanskje berre utgjer ein liten del av historia, men som samstundes kan vere viktige for historieforteljinga. Ein kan også skrive ned eigne minne og legge ut transkriberte utgåver av gamle brev på nettstadens kjeldearkiv som andre seinare kan nytte som kjelde når dei vil skrive om eit fenomen.
På lokalhistoriewiki kan ein merke artiklane med kategoriar, noko som gjer materialet enkelt å orientere seg i. Lenkefunksjonen på nettsida gjer at ein kan leggje inn lenker til eksisterande litteratur og arkivmateriale frå verksemdene. Slik vert artiklane ein svært god inngangsport til å undersøke eit tema nærare. Ein kan også leggje inn illustrasjonar i artiklane, og nettstaden inneheld allereie over 5 200 fotografi frå Telemark.
Sidan arkivarbeidet i musea enno må seiast å vere i ein startfase, er det nyttig at bestandsoversikta er tilgjengeleg for flest mogleg og kan oppdaterast fortløpande når nye arkiv kjem inn til våre institusjonar eller når me får vite om arkiv som finst i andre institusjonar. At samfunnsoversikta blir skapt gjennom samhandling sikrar også at me får med fleire historiske aktørar i framstillinga. LW let alle brukarar legge til artiklar, og den historiske samfunnsframstillinga vert slik langt meir demokratisk enn om me skulle gjere alt sjølve. Er me klare over dei problema som er knytt til kjeldekritikk i framstillinga frå wikien, og dersom me samanliknar funna på lokalhistoriewikien med gjeldande litteratur og kunnskap, vil me prøve å legge fram ei samfunnsoversikt som kan oppdaterast når ny kunnskap kjem til.
Det finst enda fleire opplysningar om arbeitet med bevaringsplanen i artikkelen Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming, på lokalhistoriewiki.no.