Velkommen til lansering av Bevaringsplan for privatarkiva i Telemark.
Sidan 2016 har Telemarksarkivet arbeida med ein bevaringsplan for privatarkiv i Telemark. Gjennom arbeidet har me kartlagt arkivmateriale frå ei rekke aktørar som tek vare på privatarkiv i heile Telemark. I dag sit me att med ei omfattande oversikt over privatarkivbestanden frå fylket.
Telemarksarkivet inviterer til ei lokalhistorisk arkivmøte der resultata frå planen blir lagt fram. Musea i Telemarksarkivet vil elles orientere om privatarkivarbeidet ved sine einingar. Arkivforbundet, Norsk Lokalhistorisk Institutt og kulturavdelinga ved fylkeskommunen er også inviterte til å halde innlegg. Vel møtt til lokalhistorisk arkivmøte i Telemark!
Stad: Auditorium 5-115 ved Universitetet i Sørøst-Noreg, avdeling Bø. Tid: 20. september, kl. 12.30-15.30.
Påmelding til post@telemarksarkivet.no innan 14. september.
Programmet
12.30 Velkomst/registrering.
13.00: Innleiing ved styringsgruppeleiaer i Telemarksarkivet, Dag Rorgemoen.
13.15: Orientering om aktivitet ved dei forskjellige einingane i Telemarksarkivet.
13.30: Presentasjon av bevaringsplanen ved prosjektleiar Per Ormestøyl.
14.00: Pause.
14.30: Norsk Lokalhistorisk Institutt ved seniorrådgjevar Chris Nyborg.
14.40 Arkivforbundet ved generalsekretær Kjetil Landrog.
14.50: Nye prosjekt i Telemarksarkivet.
15.00: Tankar om framtida ved Telemark fylkeskommune.
15.30: Slutt