Telemarksarkivet dokumenterer reiselivsnæringa gjennom innsamling av historiske arkiv frå overnattingsverksemdene i Telemark. Kjenner du til arkivmateriale du trur kan vere bevaringsverdig bed me deg om å ta kontakt!
Reiselivsnæringa har hatt stor betyding for Telemark. På 1800-talet vart fylket eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Telemark låg midt mellom alle dei store byane i Sør-Noreg, og på relativt kort tid kunne ein sjå natur og menneske «uberørt av sivilisasjonens skavanker». Den nærast myteomspunne utilgjengelegheita blei etter kvart eit trekkplaster i seg sjølv. Eit anna var framstillinga av Telemark som eit «Noreg i miniatyr», der ein kunne oppleve fjell, skogar, dalar, fossar, innsjøar og elver i verdsklasse. Gaustatoppen og Rjukanfossen var dei største attraksjonane fylket hadde, og om desse gjekk det gjetord både nasjonalt og internasjonalt.
Haukelivegen opna i 1889, medan Telemarkskanalen opna i 1892. Ferdselsårene bant fylket meir saman og skapte grunnlag for ei turistnæring som vaks enormt. Langs reiserutene fanst det ei rekke skysstasjonar, gjestgjevarar og overnattingsstader der ein kunne få kvile.
Bevaringsplanen for privatarkiv i Telemark (2018) synte at det var bevart svært lite arkivmateriale frå reiselivsnæringa. Telemarksarkivet har fenge prosjektmidlar frå Arkivverket til å rette opp dette mishøvet.
I lag med historielaga i Telemark har me oppretta ei liste over overnattingsverksemder som har eksistert gjennom historia. Lista inneheld allereie meir enn 700 oppføringar og er tilgjengeleg på lokalhistoriewiki:https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Overnattingsplassar_i_Telemark
Kjenner du til arkivalia frå overnattingsverksemder eller kanskje heile arkiv, som bør bevarast for ettertida? Då bed me deg ta kontakt med prosjektleiar Per Ormestøyl. (po@vtm.no/95 94 04 70)