I 2009 overtok Vest-Telemark Museum kring 5000 fotografi frå «det store krafteventyret» i Øvre Telemark. Utbygginga av Tokkeanlegget starta 23. april 1956. Fotograf Jostein Granlid fekk i oppdrag frå Statkraft å dokumentere anleggsarbeidet, og det er han som har teke dei fleste bileta.
Området som blei berørt av Tokkeutbygginga er større enn Vestfold fylke. Meir enn tusen mann tok del i arbeidet. Då anlegget stod ferdig i 1987 hadde det åtte kraftverk og seksten magasin – 23 man hadde mista livet.
Kraftverka nyttar tilsiget frå vassdraga i Tokke og Vinje. Den årlege produksjonen utgjer om lag 4 400 millionar kilowattimar – nok til å forsyne 185 000 husstandar i landet med 15 %. Kostnaden på utbygginga var 940 millionar kroner, noko som svarar til 11 milliardar i dag.
Fotografgjerninga til Granlid strakk seg heldigvis lengre enn berre å dokumentere anleggsarbeidet. Ved sidan av fotografia av anleggsmaskiner, bygningar, kraftleidningar og gravearbeid, viser bileta brakkelivet og kvardagssyslane til arbeidarane.
Kraftutbygginga markera starten på ei ny tid i Vest-Telemark. Ho hadde enorme konsekvensar både for menneske og miljø. Fotografia dekker hovudsakleg 1950- og 60-talet og er tilgjengelege i eiga mappe på Digitalt Museum: Bilete frå Tokkeutbygginga og Tokkeanlegga. Mange av bileta er utan gode nok opplysingar, og museet inviterer alle som veit noko meir om motiva til å ta kontakt.